Biografens dilemma

TEATER

MIN STÖRSTA SMÄRTAS BARN
Tekstutval og tilrettelegging: Wenche Strømdahl
Instruert og framført av Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning
Musikar: Jarl Strømdahl
Trøndelag teater, Gamle scene

Foto: Bosse. Wenche Strømdahl som Harriet Bosse. Foto: Vegard Eggen
 
Det må nok meir til enn berre nytt stoff for å gi ny innsikt.

Forholdet mellom Sveriges største kvinnelege skodespelar på tidleg nittenhundretal, Harriet Bosse, og landets fremste dramatikar, August Strindberg, er godt kjend og veldokumentert, mellom anna gjennom Bosses eiga bok Strindbergs brev til Harriet Bosse, og frå Strindbergs dagbok Ockulta dagboken som han skreiv i ti år rundt sekelskiftet. To sterke, kompromisslause kunstnarsjeler med nærare 30 års aldersskilnad var gift frå 1901 til 1904. Det var eit stormfullt ekteskap som sjølv om det tok slutt etter berre tre år, heldt fram som eit kjærleiksforhold med sterke band for dei båe fram til Strindberg døydde i 1912.

Harriet Bosse gifta seg att to gongar, og i det andre ekteskapet fekk ho sonen Bo. Dottera hans bur i Trondheim, og sit på ei samling brev og fortellingar frå bestemora. Det har skodespelaren Wenche Strømdahl fått tilgang til, og etter å ha gått gjennom både dette materialet og det som tidlegare er kjend om Bosse og Strindberg, har ho laga ei lita framsyning om det turbulente forholdet mellom dei to. Ho spelar sjølv Harriet Bosse, og ektemannen Hallbjørn Rønning er Strindberg. I tillegg spelar broren, Jarl Strømdahl, gitar og syr dei ulike scenene saman musikalsk.

Resultatet er eit lite kammerspel som diverre gir oss lite nytt. Biografens dilemma når han får tilgang til nytt stoff, er ofte at han blir så blenda av materialet at han ikkje får den naudsynte kritiske distansen. Eg skal ikkje påstå at det er årsaka i denne oppsettinga, men det er nærliggande å tenke i slike banar. Skal ein biografi, eller dramatisering av kjende personars liv eller forhold vere interessant for ålmenta, må det fortelle oss noko om kva som førde til at kunsten eller produksjonen til den presenterte blei som han blei, gi eit viktig og tidstypisk bilde av samtida, eller omhandle ein konflikt som kan seie oss noko generelt som menneske. Berre å få presentert to personar som ikkje har det greitt med kvarandre, blir ganske privat og uinteressant, uakta om personane er aldri så namngjetne. Denne oppsettinga dokumenterer dette til fulle, for her er lite som kan gi noka ny forståing av Bosses skodespelarkunst eller Strindbergs forfattarskap.

Framsyninga tar til når Harriet Bosse kjem til Dramaten i Stockholm berre 21 år gamal og etter kvart blir kurtisert av den mye eldre dramatikaren. Scena er to bord der Bosse og Strindberg sit og les frå eigne brev og dagboksnotat, og vi følger dei to kronologisk gjennom ekteskap og skilsmål, fram til Strindberg døyr. Dramaturgisk er det heile på det jamne og utan spesielle høgdepunkt. Vi får rett nok presentert heftig ordbruk og store konfliktar, men like etter er det forsoning utan at nokon kan forstå kvifor. Dette er eit kammerspel om ein liten familie, skrive, presentert og regissert av ein liten familie. Eg trur det hadde vore ein fordel om det hadde vore henta inn litt ekstern regihjelp frå nokon som ikkje var så involvert i stoffet.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 11. april 2008)

Leave a Reply