Ikkje morosamt

TEATER

Trøndelag teater – hovudscena
Ingen nordmenn savnet
Av Marianne Meløy, Stian Hovland Pedersen og Trygve Brøske
Musikk: Trygve Brøske
Instruktør: Catrine Telle
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes

Det er så avgjort ikkje nok med gode idear, dyktige skodespelarar og stor påkostnad for å lage godt teater.

Då dei tre folka bak teatergruppa Sjøkua for tre år sia tok steget fullt ut frå rølpete intimscenebuskis til ein fullformats heilaftans revy, meinte eg at steget var i lengste laget. Nå har dei same folka skrive ein framtidsmusikal som Trøndelag teater har vald å sette opp på hovudscena, og eg er lei for å seie det, men denne gongen er forskrevinga total.

Forfattarane tar oss tjue år fram i tida til eit Norge så styrtrikt at skatt er avskaffa. Dei tre nordnorske fylka er hekta av, Hamar er hovudstad, og alt dreier seg om spill og lotto i ein endelaus pyramide der alle vinn. Av ein grunn vi aldri får vite, er monarkiet også avskaffa, og landet er blitt republikk. Alt i dag er Norge eit anti-intellektuelt samfunn, og her er steget tatt fullt ut. Neil Postmans devise om å more seg sjølv til daude er blitt landets credo, og litteratur og kunst er avskaffa. Tor Jonsson skreiv eingong eit bitande essay om åndsproletaren, den personen han frykta mest på jord. Det samfunnet vi her får presentert kan ein såleis kalle åndsproletariatets diktatur. Men der det er undertrykking, er det som oftast opposisjon. Og han finst også her i små enklavar, som ein tidlegare journalist i Norge Rundt (Marianne Meløy), den siste bibliotekar (Trond-Ove Skrødal), og ein sterkt Brechtpåverka skodespelar (Brit Elisabeth Haagensli). Dei vil attende til velferdsstaten, og gjenopne teatra og biblioteka. Så langt, så bra. Ideen kunne ha vore eit brukbart skjelett til ein sjølvkritisk og politisk farse om eit samfunn vi kan vere på full fart inn i. Men det blir diverre aldri anna enn eit skjelett, eller eigentleg alt for mange av dei, og utan særleg substans, mål eller meining.

Skal ein skrive god politisk satire må ein ha kunnskap og innsikt. Skal ein kritisere eit samfunn som er i ferd med å bli overflatisk, må ein gå alt anna enn overflatisk til verks. Det har ikkje desse tre forfattarane gjort. Dei har alt for mye å fortelle, og det er lite av det som er interessant. I staden for gode og bitande poeng, pøsar dei på med klisjear og stereotypiar eg trudde vi var ferdige med på norske scener for mange år sia. Og med ein grunnleggande mistillit til publikum, blir alt fortald med kjempestore bokstavar og overspela til det pinlege.

Sjølvsagt er det lyspunkt. Musikken til Trygve Brøske er ujamn, men held gjennomgåande eit atskillig høgare nivå enn tekstgrunnlaget. Og einskilde scener kan stå på eigne bein. Hallbjørn Rønning og Arne O. Reitan presenterer to brør og bygdetullingar infamt, men likevel berre passe overspela. Og Janne Kokkin syng ei Brecht/Weill-inspirert vise som kunne ha vore noko atskillig meir. Best er framsyninga når ho glir over i å bli ein ironisk parafrase over Les Miserables. Men desse innslaga heng ikkje i hop, og blir berre frittståande fragment i ei langdryg framsyning som er lite morosam og ikkje særleg underhaldande.

I samband med oppsettinga av Revisoren for to år sia stilte eg spørsmål ved kvalitetssikringa på Trøndelag teater. Denne produksjonen gir grunn til å ta spørsmålet opp att. Eg har forståing for at dei tre forfattarane, som sjølve er sentrale aktørar i oppsettinga, kan ha fått tunnelsyn og ikkje sett kor det bar. Men korleis kan det ha seg at ein røynd teatersjef som Otto Homlung, og ein minst like røynd instruktør som Catrine Telle ikkje har sett at dette var for dårleg, og langt frå morosamt? I staden for å be forfattarane kome att med eit betre manus, har dei gitt det ei påkosta framføring med storslagen scenografi og kostyme. Det er ikkje så ofte det blir presentert ny norsk dramatikk på ei hovudscene, og institusjonsteatra blir i desse dagar kritisert for å vere for lite dristige. Det er sjølvsagt bra at Trøndelag teater gir scene til ein ny norsk musikal. Men å seie at det er motig å sette opp noko som ein måtte sjå var for dårleg, er fullstendig feil.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 27. september 2007)

Leave a Reply