Guddommeleg om lidenskap

TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Equus
Av Peter Shaffer
Omsett av Helge Hagerup
Regi: Ola B. Johannessen
Scenografi og kostyme: Carle Lange
Koreografi: Elin Høyholm
Med: Terje Strømdahl, Hermann Sabado m. fl. 

Bildet: Som livet sjølv. Det særs tette samspelet mellom psykiater(Terje Strømdahl) og pasient (Hermann Sabado) er på same tid lågmælt, intenst og fullt av lun humor, – kontrastfylt som livet sjølv. Foto:GT Nergård 

Ei hundre prosent komplett oppsetting som både riv deg med og er humoristisk på same tid, og som presenterer ein uvanleg sterk skodespelardebut.

Når den store lidenskapen tar tak i deg, er det som oftast ikkje rom for analytisk resonnering og nøktern vurdering. Slik tenker eg når eg, etter å ha sett Equus av Peter Shaffer på Trøndelag teater, skal freiste å skrive ei balansert teatermelding. Equus er eit stykke som er så fullt av lidenskap og kjensler, og som i tillegg blir så framifrå presentert, at det er umogeleg å skrive noko som den uinnvigde ikkje vil oppfatte som einsidig og kanskje panegyrisk. Men lesaren får ha meg orsaka, – det er ikkje kvar dag ein får servert eit så komplett teaterstykke som denne oppsettinga! 

Alt frå første augneblink forstår vi at dette er noko guddommeleg. I Carle Langes gjennomførte og særs stiliserte scenografi er scena eit tempel. Og ein stall. Og stallen er eit gudshus for vår mann, den 17-årige Alan Strang (Hermann Sabado). Han har helgejobb som stallarbeidar. Tilsynelatande er han ein vanleg ungdom som har ein stor lidenskap for hestar. Men så går eitt eller anna frykteleg gale. Alan riv ut auga på seks av dyra, og slik blir han eit case for barnepsykiateren Martin Dysart (Terje Strømdahl). Så er vi i gang. 

I eit slags retrospektivt fortellarteater tar Dysart oss med gjennom heile behandlinga av Alan frå han ordknapp kjem til klinikken, via dei første forsøka på samtale, til det gradvis blir bygd opp eit tillitsforhold som gjer det mogeleg å avdekke guten lag for lag. Det er eit psykologisk kammerspel der Dysart si fortelling blir illustrert ved små retrospektive tablå medan Dysart sjølv og Alan går ut og inn av tid og rom utan at det på noko vis blir forvirrande. Etter kvart som vi får innsikt i Alans historie, grip ho også inn i Dysarts eige liv, og kuratoren blir konfrontert med seg sjølv. Eg vil tru dei fleste i salen også fekk sitt å tenke på over eige levd liv, og over lidenskap eller mangel på det. Kva er eit normalt liv, – og er det normale eigentleg noko å hige etter? Alan braut nokre grenser, men han gallopperte! Når gallopperte du? 

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, men Equus er ei intens og sterk historie om store kjensler, og med både kraftige religiøse og erotiske overtonar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Shaffers tekst har hausta fagnad over heile verda sia premieren i London i 1973, men denne oppsettinga er noko langt meir enn ein god tekst. Ola B. Johannessen har ansvaret for tilrettelegging og regi, og har laga ein imponerande heilskapt produksjon. I nært samspel med scenograf Carle Lange har han skapt scena om til eit tempel. Det er dramatiske hendingar som blir presentert, men likevel imponerande lågmælt. Det gjer det særs tette kammerspelet mellom Strømdahl og Sabado endå meir intenst, og gjev ekstra styrke og kontrast til dei mange dramaturgiske høgdepunkta. Den litt lune og underfundige humoren som heile tida ligg som undertekst, gjer at den vonde og vanskelege historia blir lettare å ta i mot for publikum, men understrekar også dei mange motsetnadane denne oppsettinga inneheld. Korleis Johannessen og Lange har løyst presentasjonen av hestane, er rett og slett ein liten genistrek. Gjennom stiliserte masker og hovar, og ikkje minst ved hjelp av den utsøkte koreografien til Elin Høyholm, skapar dei ein illusjon ikkje berre av store hestar, men av noko guddommeleg. Det er vakkert, og det gir ei meir enn forståeleg ramme for Alans store lidenskap. 

Terje Strømdahl er nesten sjølvutslettande roleg når han fortel om pasienten Alan og historia hans. På det viset får han høve til å spele på dei enorme kontrastane dette stykket inneheld utan alt for store fakter, og det kler oppsettinga særs godt. I tillegg gir det rom for at Alan får vere hovudperson i si eiga historie. Hermann Sabado er nyutdanna frå teaterskulen, og Alan Strang er hans debutrolle. Eg har vondt for å finne gode nok ord for denne rolletolkinga. Det er ei ekstremt vanskeleg rolle, særs utleverande, og der Sabado både kjenslemessig og bokstaveleg må kle seg fullstendig og forsvarslaust naken. Og han gjer det stillferdig, truverdig og med den største sjølvfølge. Han har eit kroppsspråk og ein mimikk som han spelar like lågmælt og dyktig på. I det tette samspelet både med favoritthesten Gullfaks (Ole Martin Aune Nilsen) og med Terje Strømdahl, får han fram ei på same tid vond og vakker historie. 

Oppsettinga av Equus på Trøndelag teater er noko av det mest komplette eg har sett på nokon scene. Det er ei oppføring som har alt, og som verkeleg gjer noko med deg som publikum. Treng eg seie meir?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 14. september 2007)

Leave a Reply