Lukka avdeling

TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Det tredje stadiet
Av Tale Næss
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Pål Christian Eggen, Cici Henriksen, m.fl 

Washingtin
Av Johan Harstad
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jan Frostad og Ole Martin Nilsen 

Bildet: Sonen til eine flygaren i Air Floridas Palm 90 fortel oss 25 år etterpå kva som gjekk gale. Foto:Vegard Eggen
Del to av Trøndelag teaters satsing på unge, lokale, og litt urøynde dramatikarar var definitivt minst like løfterik som første del.

Trøndelag teater har gitt scene til fire forfattarar for kvar sin einaktar. I februar fekk vi sjå stykke av Frode Sander Øien og Carl Frode Tiller, og laurdag var det premiere for Tale Næss og Johan Harstad. Både Næss og Harstad tar opp katastrofar og det som kan sjå ut som lukka avdelingar, men der stoppar og einkvar likskap.

Tale Næss har skrive for scena før. I vinter har ho hausta gode kritikkar for Strømmer både i Tromsø og Oslo. I Det tredje stadiet presenterer ho oss for ein sivilisasjonskritisk framtidsvisjon som ikkje treng å vere alt for fjern. Vi er på eit sjukehus, ei temmeleg lukka avdeling der lite skjer, og sambandet med verda utanfor er totalt avskrudd. Eitt eller anna har gått veldig gale, og smått om senn skjønar vi at det nok er ei miljøkatastrofe som er i ferd med å øydelegge menneska. Innestengde, og smitta med eit virus vi berre anar konsekvensane av, lever fem menneske i retrospekt, fylde av apati og fullstendig kontrollert av tre tilsette som korkje kan eller vil gi svar på noko. Det er ei visuell, poetisk, og særs sterk framsyning der uhyggestemninga ligg i lufta heile tida. Det suggererande lydbildet til Hans Magnus Ryan understrekar det klaustrofobiske. Tale Næss og Kjersti Haugen har tatt godt vare på stemninga, men handlinga, i den grad ho finns, blir uklår. Det blir for mange tema og spørsmål, og det er vanskeleg å fatte kva Næss eigentleg vil. I kva grad kan det hjelpe verda at personane bryt med apatien og gjer noko? 

Johan Harstad er mest kjend som romanforfattar, men debuterte i vinter med librettoen til monodramaet Grader av hvitt i heimbyen Stavanger. Washingtin må likevel reknast som den verkelege dramatikardebuten. Som Det tredje stadiet, omhandlar det ein katastrofe, men med eit heilt anna grep. Historia er ei verkeleg hending – flyhavariet til Air Floridas Palm 90 i januar 1982. Sonen til den eine flygaren tar oss 25 år etterpå gjennom ulukka sekund for sekund i ei tilnærma leksikal, men likevel særs intens framføring. Han var 11 år då flystyrten skjedde, og føler på eit vis at han slutta å vekse etter at faren omkom. Det er imponerande å få eit slikt faktabasert fortellarteater til å bli intens action, men både teksten til Harstad, det særs stramme regigrepet til Nora Evensen, og ikkje minst framifrå rolletolking av Trond Peter Stamsø Munch, gjer at du blir tollbunde. Men når du trur du er inne i handlinga, og skal sjå på etterraksten og seinverknaden etter katastrofen, syner det seg at Harstad er ute i heilt anna ærend. I røynda handlar det ikkje om ulukker og redsla for å døy, men om eit samfunn der vi nektar å døy, der virtual reality gir oss game over og høve til å starte på nytt. Slik er ikkje røyndomen, og Harstads vri er humoristisk, velskrive og særs overraskande. Han gjer narr av oss, og det kjennest godt!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 16. april 2007)

Leave a Reply