Elskar, elskar ikkje…

TEATER

Trøndelag teater – hovudscena
Markus og Julie
Av Klaus Hagerup, Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov
Regi: Klaus Hagerup
Koreografi: Tomas Adrian Glans
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikalsk leiing: Trond Hustad
Med: Trond-Ove Skrødal, Sigve Bøe, Marte Stolp, Siri Gjære m. fl.

Bildet: Når framsyninga blir på sitt mest barokke, burleske og bisarre, er det ho er på sitt beste. Foto:Lasse Berre

Ei barokk sjangerblanding som leitar etter si eiga form, og som finn ho til slutt, men då er det i seinaste laget.

Vi er mange som har vore tretten år ein gong, – som har vore herja med av hormona, og som seinare har kosa oss med Klaus Hagerup sine bøker om Markus. Det er umogeleg ikkje å kjenne seg att i denne sjenerte, men likevel så bramfrie figuren. Lunt og humoristisk tar Hagerup oss attende til ein ungdom ingen av oss vil oppleve om att, men som vi likevel lengtar attende til. Nå har han, saman med Ingrid Bjørnov og Benedicte Adrian, laga musikkspel av historia. Torsdag var det urpremiere på fortellinga om Markus, om Sigmund, den veslevaksne kameraten hans, og om alle dei flotte jentene i klassen deira. Alle som har eit nært tilhøve til bøkene, bør snarast gløyme det, for dette er ganske annleis!

Grunnhistoria er rett nok den same. Markus (Trond-Ove Skrødal) og Sigmund, den litt meir enn vanleg intellektuelle kameraten hans (Sigve Bøe) er akkurat som i bøkene. Dei forelskar seg, skriv dikt, forelskar seg på nytt, trur dei er åleine om kjenslene, og torer sjølvsagt ikkje å seie frå til den som til eikvar tid er den utkåra. Men der bøkene har ein litt lågmælt, lun humor, der fortellarstemma aldri blir påtrengande, og der det er masse rom for å dikte inn mye sjølv, blir ei dramatisering sjølvsagt meir tydeleg. Det må ikkje vere slik, men det er ofte eit problem at mye av den rike underteksten i ein roman forsvinn ved ei dramatisering. Musikalsjangeren gjer ikkje nødvendigvis situasjonen betre. Markus og Julie er eit musikkspel, og ikkje ein roman. Som kunstnarleg uttrykk står det på eigne bein, og må bli vurdert på det grunnlaget. Når eg likevel har nytta så mye plass på å problematisere forholdet mellom roman og scene, er det fordi det er ekstra vanskeleg å sette i scene noko som så mange har eit eigedomsforhold til. Det største problemet til denne oppsettinga, er at den nærleiken mange av oss har til romanpersonane, får alt for stor distanse på scena, og av grunnar eg skal kome attende til.

Handlinga er lagt til tidleg 60-tal, og scenografien og kostyma til Per Kristian Solbakken har meir preg av retro enn autentisitet. Alt i opningsscena får vi ein presentasjon av tidskoloritt i så store dosar at ein tar til å lure på om dette er parodi, eller berre ironi. Med unnatak av tre vaksne, skal alle personane på scena vere 13 år. Alle dei fire mannlege trettenåringane er tre til fire gongar så gamle. Det er for så vidt ikkje eit uvanleg fenomen på teaterscener, men her er det så påtakeleg at det tidvis verkar ufrivillig komisk. Båe desse forholda, samt ein litt for god porsjon overspel, gir oppsettinga ein distanse som gjer at det for meg blir meir titteskap enn noko å leve seg inn i.

Utan å røpe for mye av handlinga, endar ho opp som ei metaframsyning der klassen til Markus skal sette opp Romeo og Julie, og der det etter kvart sjølvsagt blir vanskeleg å vite kven som er Romeo og kven som er Markus slik dei to historiene grip inn i kvarandre. Det er eit klassisk sujett mange har nytta med stort hell, og også her. Prøvetida og premiera på Shakespeares tragedie er det absolutt beste ved oppsettinga, og i røynda der det meste skjer. Difor stiller eg store spørsmål ved dramaturgien når nesten heile første akt går med til det eg oppfattar som først og fremst ein presentasjon av tidskoloritt og personar. Framsyninga kunne med fordel ha vore stramma inn ein god del.

Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov har skrive musikk som er særs songbar og lett å nynne med i. Sjangermessig er det mye forskjellig frå sugande bluesriff, via feite lydbilde som frå rockemusikalar, til dei rolegare balladane. Sjangerblandinga er beskrivande for handlinga, og står godt til oppsettinga. Trøndelag teater har dei siste åra vore ei av dei viktigaste musikalscenene i Norge, og har imponert med framifrå songarar. Denne gongen er ein del av framføringa skjemma av at ikkje alle aktørane har like god songstemme.

Markus og Julie er blitt ei underleg framsyning der eg etter kvart er uviss på kva Klaus Hagerup eigentleg freistar å seie. Sjølvsagt er dette først og fremst underhaldning, men den ekstreme sjangerblandinga gjer meg ganske uviss. Har blandinga ei meining, eller berre blei det slik? Når det som i starten er ein ironisk, og etter kvart parodisk, fortelling om pubertal kjærleik, endar opp i bisarr buskis, ei oppsetting meir barokk enn det eg kan hugse å ha sett på ei scene på år og dag, må eg vedgå at det var med stor forvirring denne meldaren gjekk ut i marsnatta.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 2. april 2007)

Leave a Reply