Så mye smerte!

PERFORMANCE

Teaterhuset Avant Garden – Trondheim
Dansekompaniet Rosas
Nine Finger
Av Alain Platel, Fumiyo Ikeda og Benjamin Verdonck
Framført av Fumiyo Ikeda og Benjamin Verdonck

Eit kontrastfylt møte med ein særs smertefull røyndom.

Nokre gongar kan ein abstraksjon bli sterkare enn det han skal vise fram. Eg har sett utallege fjernsynsreportasjar om barnesoldatar i Afrika, men ingen har greidd å formidle smerta og vondskapen så inderleg og intenst som det vi nyleg fekk sjå i oppsettinga Nine finger. Det belgiske dansekompaniet Rosas har gjesta Norge i to veker med denne framsyninga som gjennom eit særs effektfullt samarbeid mellom ein dansar og ein performanceartist syner oss krigens bestialitet. Utgangspunktet er debutboka Beasts of No Nation til den berre 23 år gamle Uzodinma Iweala. Boka skildrar med eit særs naivistisk språk røyndomen sett gjennom augo til ein barnesoldat. Iweala er amerikanar, men med bakgrunn frå Nigeria, og sjølv om boka finn stad i eit ikkje namngitt land i Vest-Afrika, er det klåre lenker både språkleg og innhaldsmessig til opphavslandet hans.

Det er eit lite, men stjernespekka kompani som står bak produksjonen. Alain Platel starta i 1984 Compagnie Les Ballets C. de la B, og har sia hausta strålande kritikkar som koreograf og regissør over heile verda. Japanske Fumiyo Ikeda var i ti år ein av dei leiande dansarane i Rosas. Ho har medverka i fleire filmar, og er nå attende i dansekompaniet. Benjamin Verdonck jobbar i grenselandet mellom performance enn teater, og har også tidlegare arbeidd i lag med Fumiyo Ikeda. Samarbeidet mellom desse tre har resultert i ei sterk og uvanleg ekspressiv framsyning, særs kontrastfylt, og kjenslemesssig vond, men ikkje utan humor, jamvel om den fort set seg fast i halsen. Utan å estetisere vondskapen, blir dette likevel vakkert nettopp fordi det er ein så presis og dyktig framføring på alle nivå.

Produksjonen er mangefasettert og har tallause lag. I botn ligg lidinga og smerta til barnesoldaten, men i framføring er det eit framifrå spel på kontrastar og metaforar. Alt i tittelen gir dei oss tallause assosiasjonar. Dei fleste vil fullføre namnet og henge på felirtals-s’en, eller seie; men det er jo ti fingre! Det er med andre ord noko som manglar. Og slik kan ein både i tittelen, innhaldet og framføringa dikte vidare i ei oppsetting som er uvanleg assosiasjonsrik, og som sit i deg lenge etter at scena er tom.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 5. mars 2007)

Leave a Reply