Ekte vare

STAND UP

Teaterhuset Avant Garden
HÅKKI the power of glesbygd
Av og med Tomas “Håkki” Eriksson og Turbo Lundgren

Ein uregissert stand up, eller rølpete popmusikk frå Vittula, om du vil. Smaklaus, men likevel full av sjarm.

Kva er det med Håkki som gjer at han greier å fylle Teaterhuset Avant Garden, og halde ei elles kresen forsamling i ande i to og ein halv time med uredigerte, til dels plumpe og vulgære historier frå heimplassen sin, Ljungaverk, – alt framført fullstendig utan regi? Han er komplett utrendy, politisk heilt ukorrekt, men altså særs sjarmerande og ikkje minst ekte og autentisk.

Håkki er ein multikunstnar som har skapt sin eigen sjanger og difor ikkje passar inn i vanlege vurderingar av kva som er god og dårleg scenekunst. Han er Håkki. Punktum. Og ferdig med det! Men for dei som korkje kjenner prosjektet eller mannen, så er altså Tomas Eriksson utdanna frå kunstakademiet i Trondheim. Han er frå den vesle plassen Ljungaverk så midt i Sverige at det er kåra til det geografiske tyngdepunktet i landet. Men økonomisk, kulturelt og vekstmessig er det langt frå noko tyngdepunkt. Det har Håkki bestemt seg for å gjere noko med. Han har flytta heim, bygd opp den registrerte merkevara Håkki, og i fem år har han produsert og seld T-skjorter med ulike handlaga motiv og påskrifter. Dei sel han frå utsal i Trondheim, Bergen og nå også i Oslo, og overskotet går til positive tiltak i Ljungaverk. Når eg i tillegg legg til at mannen køyrer rundt i gamle Volvoar med wunderbaum og er danseband-DJ skulle ein tru at han var uspiseleg for dei urbane og trendy. Men så er ikkje verda alltid logisk, og Håkki er i høgste grad in, og har eit etter kvart aukande og trufast publikum.

I tillegg til å sponse jentefotballaget i Ljungaverk, og bygge opp T-skjortetrykkeri, er prosjektet hans også å lytte. I Ljungaverk finns det berre nokre hundre menneske, men likevel mange fargerike figurar. Håkki er ein god lyttar, og etter å ha reist bygda rundt og samla historier, turnerer han nå Norge saman med kompisen Turbo der dei presenterer folk og lagnadar i glesbygda utan å skjele til korkje regi, manus, vanlege reglar for framføring, dramaturgi eller kva som måtte sømme seg. Her er historier som får Rorbua til å bleikne, og som i fargerik koloritt og innhald kan minne mye om popmusikken frå Vittula. Det som skulle vere ein times stand up blei meir enn to og ein halv, berre avbrote av ein pause og to heilt ubetalelege videoar, den eine om den lokale von Münchhausen, og den andre frå ein fotballkamp der det å ta ballen er det minst viktige.

Som teater er dette skikkeleg dårleg, som stand up er det ganske amatørmessig, temmeleg plumpt og nokså smaklaust, men som prosjekt, og som underhaldning er det likevel framifrå! Det er ekte og autentisk, ikkje så reint lite naivistisk, og så fullt av ei merkeleg form for sjarm at ein berre må like det. For Håkki er ikkje kitsch, men ekte vare!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 2. mars 2007)

Leave a Reply