Draumar i krig

DANS

Teaterhuset Avant Garden
Don’t panic
Av Magnhild Rem Fossum og Omar Rajeh
Tekst: Marte Huke og Anwar Saab
Koreografi: Magnhild Rem Fossum

Ei danseframsyning som ufrivillig kom til å handle om seg sjølv.

Media hastar frå krig til krig. Konflikten som i går var i nyhendebildet over heile verda, kan dagen etter vere gløymd. Slik er det kanskje med Libanon som ikkje lenger er dagleg i nyhendebulletengane utan at det tyder at landet er blitt ein roleg stad. Magnhild Rem Fossum og libanesiske Omar Rajeh ønska å lage ei danseframsyning om eit anna Libanon, om den motsetnadsfylte kvardagen i eit land der krigen heile tida er bakteppe, men der folk likevel har sine lengsler, draumar og daglege gjeremål. Framsyninga skulle ha hatt urpremiere i Libanon for ein månad sia, men den røyndomen dei ville skildre, blei meir verkeleg enn dei hadde tenkt seg, og Fossum måtte rømme landet, medan Rajeh sit attende utan høve til å kome seg ut. Det som skulle vere ei oppsetting med to, er på grunn av at dette ikkje er fiksjon, blitt ei soloframsyning i Trondheim der Fossum har fått hjelp av Anwar Saab til å ferdigstille produksjonen. Og tysdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden.

Scenografien er ei boardingtavle, kanskje på ein flyplass i Beirut. Her er ingen utveg, for det ser ut som alt er kansellert. I staden sprett små kontrasterande aforismar fram på skjermen, – ein leik med ord som i starten er humoristisk, men som etter kvart blir litt føreseieleg. Med dette som bakteppe, og gjennom ekspressiv dans, formidlar Magnhild Rem Fossum den libanesiske røyndomen. Det er ei særs kontrastfylt framsyning der vegen frå voldsam aggresjon til mjuke kjærteikn, og attende att, er særs kort. Ein låst situasjon, men likevel ikkje utan håp slik ein fritt etter Jan Erik Vold kan seie; – det er umogeleg, men vi gir oss ikkje!

Berre avbrote av ein naivistisk og skjønn liten parabel, og ein like god video, er det dansen og rørslene til Fossum som formidlar det meste. Det er ei krevjande rolle, dyktig framstilt, og ho er relativt lett å forstå også for den som er urøynd med dans. Men framsyninga kunne ha tent på ein litt strammare regi, for nokre av innslaga, – spesielt dei med ei tøydokke, blir både repeterande og litt uforløyste. Avslutninga er derimot ein liten genistrek der boardingtavla kviknar til og får nytt og humoristisk liv. Don’t panic er blitt eit ufrivillig aktuelt bilde på ein gløymd konflikt, litt uferdig, men likevel løfterik både når det gjeld framtida til produksjonsselskapet og faktisk også situasjonen i Libanon.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. mars 2007)

Leave a Reply