Autentisk

TEATER

Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Hold me
Av Goro Tronsmo og voksnebarn
Regi: Goro Tronsmo
Med: Mira Eklund, Linda Nilsson, Ane Skumsvoll og Mathias Wiik.

Fire unge menneske med eit verbalt og fysisk språk så ekte og autentisk at du gløymer at du er på teater.

Nokon gongar blir ein som teatermeldar i beit for språk. Ikkje i klisjetydinga at ord blir fattige, men rett og slett fordi ei verbal framstilling av det eg skal melde, i staden fort kan bli eit prosaisk resymé grensande til drap på oppsettinga. Slik kjenner eg det etter sesongopninga på Teaterhuset Avant Garden der Goro Tronsmo og voksnebarn framførte produksjonen Hold me som dei har spela i rundt tre år i eit utal ulike settingar, og som nå er på turne med Den kulturelle skolesekken i Trøndelag.

I ein fullt opplyst black box utan scenografi eller anna utstyr enn det som naturleg er i salen, blir det spela ut eit stykke som både er humoristisk, vondt, fysisk, leikent og først og fremst særs autentisk. Fire personar i eit rom som kunne ha vore kor som helst, i kveld tilfeldigvis på ei teaterscene, men det kan vere eit portrom, ein gymsal, på ein open plass, – kort sagt alle stader der unge menneske møtast. For som ensemblenamnet syner til, er dette fire personar ein eller annan stad på grensa mellom barn og vaksne. Alle har dei bagasje å dra på, og i det som kjennest som ei uvanleg ekte setting, blir vi vitne til møtet mellom dei, og til den kommunikasjonen som finn stad. Og han er ikkje berre verbal! Han er på same tid aggressiv og empatisk, taus og høgrøysta, vond og kjenslevar. Med andre ord – heilt realistisk. Eg kjende meg som ein kikkar som ufrivillig blei vitne til noko gripande, verkeleg, men høgst privat som eg eigentleg korkje hadde noko med eller skulle sjå, men som eg likevel blei fanga av og som råka meg. Treng eg eigentleg seie meir?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. februar 2007)

Leave a Reply