Utan sjølvkritikk

TEATER

Norge, Midt-Norge
Av Marianne Meløy, Stian Hovland Pedersen
Musikk: Trygve Brøske
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Dei som er med: Ingrid Bergstrøm, Øyvind Brandtzæg, Marianne Meløy, Ivar Nergaard, Hans Petter Nilsen og Stian Hovland Pedersen
Trøndelag teater, Gamle scene

Bildet: PRINSESSE: Marianne Meløy som eventyrlesande prinsesse. Foto:Harald Sæterøy

Ein heilaftens revy framført med fart og energi, men diverre med alt for dårleg tekstgrunnlag.

Teatergruppa Sjøkua har laga fleire temmeleg lausslupne og rølpete oppsettingar som dei har sett opp på Blæst, ei intimscene på Nedre Elvehavn i Trondheim. Det har vore sjarmerande og ganske burleske produksjonar som har fungert godt i akkurat den settinga. Nå har folka bak Sjøkua tatt steget fullt ut, laga ein heilaftens revy, og sett han opp på Trøndelag teaters gamle scene. Det er nok mogeleg at steget var litt i lengste laget.

Ambisjonane er store. Revyen har unionsoppløysinga i 1905 som raud tråd, og set eit skrått blikk på Norge, og spesielt den midtre landsdelen, gjennom dei siste hundre åra. Innslaga er mange, og ensemblet er innom det meste. Til nyskrivne melodiar av Trygve Brøske og i solid framføring av eit meir enn kompetent orkester, blir det eine nummeret etter det andre presentert i eit forrykande tempo med imponerande presisjon. I ein enkel scenografi, men med desto meir kompliserte og mangefasetterte kostyme, for ikkje å snakke om det gode maskearbeidet Anne Wickstrøm står bak, blir vi nærast bombardert med eit utal parodiar. Ein ny nasjonalsong med patos og tidsriktig miljøprofil, ein ellevill karikering av kongehuset, eit vakkert samspel av Nina og Edvard Grieg, og det meir lokale nummeret der avismonopolet til Adressa får sitt, er alle flotte innslag der poenga er presise. Ensemblet boblar over av energi, syng med trøkk og presenterer sceneskift som kan ta pusten frå ein. Marianne Meløy er høgt og lågt, og leverer den eine parodien betre enn den andre. Hennar komiske talent og register på dette området er det få, om nokon i landet, som kan gjere ho etter. Så skulle vel dette vere bankers, men så enkelt er det ikkje.

Revysjangeren er ikkje lett, og humor er ei alvorleg sak. Det er ikkje nok å ha glitrande einskildnummer. Det skal henge i hop, og det skal ikkje vere daudpunkt. Eg har så langt referert nokre av høgdepunkta. Den andre sida var diverre også alt for godt representert, og då fell det heile gjennom. Når Marianne Meløy og Stian Hovland Eriksen spelar små kabaretar på Blæst i ein intim klubbatmosfære, kan dei sjarmere seg frå det mindre vellukka. Steget over i fullformatet på ein institusjonsscene set større krav, og her fell framsyninga saman. Manglane blir særs synlege. Og i denne samanhengen er det tekstgrunnlaget som sviktar. Noko kan ein dekke over med song, fart, sjarm, kostyme og god presentasjon, men i lengda kjem du ikkje unna at teksten må vere god. Mange, – for mange – av innslaga grensa mot det pinlege. Det er vondt å sjå dyktige skodespelarar måtte lide seg gjennom dårlege tekstar. Med eit så sprudlande ensemble, så god musikk, og så høge ambisjonar, hadde revyen hatt godt av eit atskillig meir kritisk blikk på seg sjølv.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. september 2005)

Leave a Reply