Ein hyllest til tanken

TEATER

What is Thinking?
De Onderneming
Av og med Ryszard Turbiasz og Carly Wijs
Teaterhuset Avant Garden

Lågmælt fortellarteater som både er ein hyllest til all form for tenking, og samstundes ein vâr presentasjon av forholdet mellom Hannah Arendt og Martin Heidegger

Den belgiske teatergruppa De Onderneming har gjesta Trondheim med ein produksjon som er ei blanding av dramatisert filosofiførelesing og innføring i eitt av dei mest pikante kjærleiksforholda i førre hundreåret. Det er lågmælt, det er tekstrikt, det er annleis, og det er fortellarteater på sitt aller beste.

To skodespelarar på ei nesten nake scene. Ho er Hannah Arendt, førre hundreårets kanskje viktigaste kvinnelege filosof. Han er Martin Heidegger, sytten år eldre, gift, tobarnsfar, hennar lærar dei første åra på universitetet i Marburg, og alt då ein vidgjeten filosof. Det utviklar seg til eit kjærleiksforhold mellom dei to, og i utgangspunktet er ikkje det meir problematisk og uvanleg enn det som skjer ved alle lærestader den dag i dag. Det spesielle i denne situasjonen er, ved sia av at dei båe var blant førre hundreårets mest profilerte intellektuelle, at han blei medlem av nazipartiet i 1933, medan ho var jøde og måtte flykte til Paris same år. Og det endå meir spesielle er at dei tok opp att forholdet etter krigen. Her er stoff til både romanar og dokusåpe, men De Onderneming har laga ein produksjon der kjærleiksforholdet berre blir eit bakteppe for filosofiske betraktningar om å tenke, tankeløyse, og om noko så banalt som fotball.

Carly Wijs er Hannah Arendt og sit i retrospekt, ja faktisk posthumt, og blar gjennom gamle brev og nøstar opp forholdet til Heidegger samstundes som ho kommenterer det heile og meir til med utdrag frå eigen filosofi. Ryszard Turbiasz som Heidegger, sit meir som ein tilskodar og kontrollør og ser på. Det meste av den halvannan time lange framsyninga er ein monolog frå Arendt, medan Heidegger berre slepp til i nokre korte sekvensar der han har ein underfundig vurdering om ein ufullendt fuge av Bach, og der han, banalt nok, avslører sin store fascinasjon for fotball, og spesielt for Franz Beckenbauer. Det blir fullstendig crazy, men likevel så forståeleg, når gruppa illustrerer dette ved å syne Monty Pythons elleville og udøydelege landskamp i fotball mellom dei greske og tyske filosofar, der faktisk både Beckenbauer(!) og Heidegger spelar på det tyske laget.

Men det er ikkje fotball dette handlar om, men ein hyllest til tanken. Monologen til Arendt er lågmælt, resonnerande, og ei særs pedagogisk innføring i hennar måte å tenke på. Framsyninga opnar med videoopptak av prosessen mot Eichmann, brått avbrote av Aretha Franklins Think. Og der ligg heile framsyninga i eit nøtteskal. Då Adolf Eichmann, hovudansvarleg for jødedeportasjonane og gassinga av seks millionar under andre verdskrigen, blei stilt for retten i Jerusalem i 1961, dekka Arendt saka for New York Times. Det ho såg, og som ho seinare skreiv om i boka «Eichmann i Jerusalem», var at han ikkje var eit monster. I det ho kalla vondskapens banalitet gjer ho greie for at Eichmann sin største og kardinale feil ikkje var vondskap, men tankeløyse. Han gjorde den oppgåva han blei sett til utan på noko tidspunkt å stoppe opp og vurdere etikken. Om han hadde jobba for raude krossen, ville han sikkert ha gjort ein utmerka jobb! For desse utlegningane blei Arendt sjølvsagt ikkje særleg populær. Gjennom den intense, men særs lågmælte presentasjonen til De Onderneming får vi stor forståing for hennar avdemonisering av det vonde. Det er dessutan ei problemstilling som er blitt særs aktuell både i samband med ordskiftet rundt filmen «Der Untergang», og med Bushdoktrinen om Vondskapens akse. Og i tillegg får vi eit utal andre filosofiske innspel, ja så mange at det vil ta lang tid før eg får sortert og fordøydd dei alle. For først og fremst er «What is thinking?» ein hyllest til tanken. Det var ei framsyning av dei verkeleg sjeldne, og det er synd at gruppa førebels berre ser ut til å gjeste Trondheim med denne produksjonen.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 13. april 2005)

Leave a Reply