Alt er overflate

TEATER

BIG 2nd episode (Show/Business)
Av og med Superamas
Teaterhuset Avant Garden – Rosendal scene

Ein sjarmerande multimedia-aforisme, full av elegante stikk til det overflatiske, men heller ikkje så mye meir.

Med gjennomført bruk av musikk, video, playback og repetisjonar greier det fransk-austerrikske teaterkompaniet Superamas å syne oss eit spegelbilde av vår overflatiske postmoderne samtid der alt er like(-)gyldig. «BIG 2nd episode (Show/business)» er samtidskritisk, og i så måte politisk, men det meste av det som blir formidla på scena er sagt før, og såleis slår gruppa inn vidopne dører. Men dei gjer det så sikkert, og med slik humor og eleganse at det likevel blir godt teater.

Superamas boltrar seg i populærkulturelle effektar. Det ultimate ved denne kulturen er overflate, og kva er meir naturleg enn at settinga i hovudsak er ei kosmetikkforretning på ein flyplass. To menn og ei kvinne møtest, og scena blir repetert til det nesten keisame, men når du trur du har sett henne før, så tar ho ei litt anna vending. Og vendingar er det mye av i denne oppsettinga som vekslar mellom Ben Stillers Zoolander, Wham som musikalsk kulisse, eit førti år gamalt intervju med Jean-Luc Godard, den allereie omtala scena i kosmetikkforretninga, og eit utal andre uttrykk i det som må kallast ein multimedieframsyning der det heile er gjort med fingertippkjensle og eit humoristisk raffinement. Framsyninga bit seg sjølv i halen, går i loop, handlar om seg sjølv, frigjer seg og endar i ny loop att. Det skjer noko med persepsjonen i salen, for etter mange repetisjonar kan dei fjerne ein av aktørane utan at det gjer noko, for vi diktar han inn att ettersom vi har sett han før. Kva er røynd, og kva er teater? Kva er verkeleg, og kva er illusjon? Og når vi reint en passant får ein blowjob presentert nærast i full utfalding utan at korkje vi som publikum eller dei på scena lar seg affisere, syner det kva dette overflatiske tilveret kan gjere med oss som menneske.

Frå opninga med miming og luftgitar og gjennom heile framsyninga er all tekst rein playback. Heile tilveret er hermetisk og tatt opp på førehand. Med eit unntak som blir desto sterkare når den einaste kvinna i det namnlause ensemblet framfører 4 Non Blondes sin What’s up.

Superamas bodskap er overtydeleg, men som sagt framført så avansert, raffinert og med slik eleganse at det korkje blir moralistisk eller keisamt. Framsyninga er nå vist i Bergen og Trondheim, og blir sett opp på Black Box i Oslo i neste veke

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. mars 2005)

Leave a Reply