Verbal undring

TEATER

Chinindrest take-away
Av og med Dood Paard
Teaterhuset Avant Garden

Ei samling verbale fragment improvisert fram som tilsynelatande velregisserte monologar.

Den nederlandske teatergruppa Dood Paard har gjesta Teaterhuset Avant Garden. Det er seks år sia sist, og eg håpar det ikkje blir like lenge til neste gong. Dei to produksjonane eg har sett, har vore særs eksperimentelle, og i forma freista å tøye teatrets grenser, men samstundes vore absolutt tilgjengelege og fattbare for ein middels teatergjengar.

Denne oppsettinga heiter Chinindrest take-away, og tittelen spelar på alle dei eksotiske kinesiske, indiske og you-name-it-restaurantane som dukkar opp i kjølvatnet av innvandringa til Nederland (og Norge), men som må tilpassast sarte europeiske ganar og difor ikkje blir så autentiske som vi trur. Importert kultur slipast og blir europeisk og kvit. Alt skjer på våre vilkår. For jamvel om det er langt frå agitasjonsteater vi får presentert, er det ei særs politisk og sivilisasjonskritisk oppsetting Dood Paard har laga. Rundt eit verbalt skjelett improviserer dei fram samtalar, observasjonar og kommentarar om makro- og mikrokosmos, om verdspolitiske forhold og dei heilt private, intime. Presentasjonen skjer ofte i kontrast til innhaldet i det dei seier slik at det verbale og fysiske står i motstrid til kvarandre. I ei blanding av alvor og skjemt er det ikkje alltid godt å henge med, og ein kan ta seg i å le av utsegner som slett ikkje er artige. Slik manipulerer dei med publikum, – og får oss til å skjerpe oss. Alt dette skjer til akkompagnement av ein DJ som kommenterer kommentarane på musikalsk vis.

Den verbale krykka det heile er bygd opp om, er ei stadig tilbakevendande undring over temaet I can never imagine… Og det er mye Dood Paard ikkje kan førestille seg. Rundt denne undringa skjer det improvisasjonar som vi som publikum sjølvsagt ikkje skjønar omfanget av utan å sjå fleire framsyningar. Men slik monologane til dei fire på scena flaut naturleg og utan opphald, er det vondt å fatte at dette er ein verbal jam session og ikkje velregissert tekst. Og om det stort sett er fragment vi får servert, blir oppsettinga likevel aldri fragmentarisk. På eit framifrå vis greier dei å lage ein heilskap utan nokon raud tråd. Gruppa er tydeleg særs fortrulege med og trygge på stoffet, og i dei improviserte monologane blir dagsaktuelle saker raskt kommentert og fletta inn. Eg såg framsyninga same dag som det var val i USA og den nederlandske filmregissøren Theo Van Gogh blei myrda. Dette prega sjølvsagt oppsettinga. Ho blir neppe likeeins når Oslopublikummet får høve til å sjå henne på Black Box 6. og 7. november, men ikkje mindre sjåverdig av den grunn.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 5. november 2004)

Leave a Reply