Ei god historie?

TEATER

An-Magritt
Fritt etter Nattens Brød av Johan Falkberget
Manus: Edvard Normann Rønning
Musikk: Henning Sommerro
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi: Kristin Bredal
Kostyme: Ingrid Nylander
Musikalsk leiar: Lars Olav Berg
Med: Ingrid Bergstrøm, Stephen Brandt-Hansen m.fl.
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: SPEKTAKULÆR: Scenografien var storslagen og tidvis spektakulær. Her er eit opptrinn frå smeltehytta. Foto:Knut Bry

Ei sterk historie som blir overskygga av karikering, overspel og alt for mange retningar.

I programheftet for musikkspelet An-Magritt skriv teatersjef Catrine Telle at stykket ikkje har aktualitet i dag, – det er ei fortelling frå gamle dagar. Årsaka til at teatret likevel set det opp, er kort og godt at det er ei drivande god historie. Det er ei meir enn god nok grunn for å spele teater. Men då er det desto meir skuffande at oppsettinga ikkje greier å ta vare på den gode historia. Det er blitt ein produksjon som sprikar i mange retningar, og som vekslar mellom framifrå spel, sinnrik og god scenografi til karikert overspel og tendensar til såpe. Det er trist, det er svært trist, for Catrine Telle har heilt rett. Bak det heile ligg ei særs god historie som denne produksjonen diverre aldri greier å formidle.

Romansyklusen Nattens Brød, der historia om oksekøyraren An-Magritt er henta frå, er del av den mest kjære litteraturarven vår. An-Magritt Oledotter Kjempeplassen er ein fiksjon, men ho er likevel blitt eit ikon, og eit fridomsideal på line med Jeanne d’Arc, PrillarGuri og Kjerringa mot Straumen. Det er inga heltinne, men ei trassig og utruleg sterk kvinne Falkberget ga liv til, ei kvinne som vågar å stå opp, som er tru mot seg sjølv, og som i tillegg torer å tru og satse på kjærleiken, – mot alle odds. Slike kvinner det vil gamle Norge ha, og såleis har ho vakse seg til å bli ein figur som er blitt større enn seg sjølv. Historia er sjølvsagt for lengst filmatisert, og for seksten år sia skreiv Edvard Normann Rønning og Henning Sommerro eit musikkspel om An-Magritt for Trøndelag teater. Det blei ein kjempesuksess. Men av ein eller annan grunn har stykket ikkje vore sett opp sia. Før altså Trøndelag teater tok tak i det på ny. I mellomtida er det bygd nytt teater, og vi har fått ei scene der verkeleg store format kan brettast ut. Det burde vere duka for ein ny suksess, men det vi fekk presentert på premiera, gjorde meg stort sett trist.

An-Magritt handlar om 1600-talets Røros. Gruvedrift, enorme klasseskilnader, fattigdom, hardt arbeid, kulde, undertrykking, gryande opprør, og ikkje minst kjærleik. Det er eit enormt epos som blir teikna ut med brei pensel både i Falkbergets original og i teksten til Rønning. Umenneskeleg slit, men likevel gjennomsyra av ein underliggande optimisme i trua på mennesket, på menneskeverdet, på sanninga – og på kjærleiken. I Marit Moum Aune sin regi startar det med eit masseopptrinn ved malmvekta der vi med ein gong får presentert kva for undertrykking som ligg i mangelen på kunnskap. Malmkøyrarane blir lurde trill rundt av skrivaren av di dei ikkje kan å lese. An-Magritt veit ho blir lurt, men det er først når konstknekten Johannes stadfestar den verkelege vekta, at ho og dei andre får syn for segn. Samstundes signaliserer opptrinnet at An-Magritt som lausunge og kvinne var fritt vilt og mobbeoffer for sine mannlege kollegaer. Ein god start som i tillegg til å presentere det første møtet mellom Johannes og An-Magritt, også fortel mye om livet og kvardagen og kva dette handlar om. Men frå ein eintydig og klår opning med ei god og truverdig miljøskildring, ber det vidare i alle retningar. Når An-Magritt blir utsending til stiftsstaden for å klage på reduserte satsar, møter ho eit borgarskap så karikert og firkanta at det nærmar seg det pinlege. Og det same skjer når vår kvinne seinare må møte for retten etter urette skuldingar. Det står ikkje til truande, og det er så sjablongmessig at det heller ikkje er artig. I personteikninga skjer det same. Skal ein tru denne oppsettinga, var Røros på 1600-talet befolka av vonde og avundsjuke filleproletarar utan menneskelege trekk, med nokre få unnatak. Eg skjønar ikkje kva teatret vil, og eg trur ikkje på det dei seier jamvel om historia bak er aldri så god, – og kjend.

Oppsettinga er blitt særs sprikande i forma, men også på andre vis. På einskildområde er ho spektakulær, medan ho på andre blir inkjeseiande. Scenografien og lysdesignen til Kristin Bredal er tidvis genial. Eit sinnrikt system av skyveveggar skapar rom og sceneskift på elegant vis. Det same gjer bruk av teppe og lys som gir fine illusjonar om Rørosvidda. Den stiliserte smeltehytta gir akkurat det inntrykket av arbeid og slit som regien ikkje gjer. Kostyma til Ingrid Nylander er flotte, men tippar innimellom over i det litt for karikerte. Musikken til Henning Sommerro kler teksten godt, men er ikkje utprega songbar, utan at det songsterke ensemblet lar seg stoppe av det. Spelet er særs varierande. Ingrid Bergstrøm som An-Magritt er trygg i rolla si, syng særs godt og er ein sta liten faen som ikkje lar seg pelle på nesa, men som likevel har rom for kjensler. Ho leverer ei stor rolletolking, og scena med den vesle jenta Eva i arresten var eit magisk lite opptrinn. Stephen Brandt-Hansen som Johannes syng fantastisk, men har fått alt for lite å spele på til at ein kan bli heilt klok på han. Då er det annleis med Trond Peter Stamsø Munch som i den vesle rolla som Jürgen er akkurat så diskret og heil at han blir ein av dei få eg trur på i denne oppsettinga.

Å fortelle ei god historie er ein meir enn plausibel grunn til å spele teater. Men då må ein vere trygg på at historia er god nok i seg sjølv, og ein må vere tru mot henne. Eg føler ikkje at Marit Moum Aune har vore det. Ved overspel og karikaturar forsvinn diverre mye av styrken i innhaldet. Og det var vel ikkje meininga?

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 6. november 2004)

Leave a Reply